SUDNDALEN
var fra gammalt gardsnavn attåt at det var namn på sjølve dalføret. Den garden som nå
heiter GUDBRANDSGÅRD kallast i eldre dokument nordre Sudndalen, Veslegarden kallast
mellomste og Halvorgard søre Sudndalen.
Namnet GUDBRANDSGARD finn vi fyrste gong i 1798 (etter Gudbrand Bjørnson Sudndalen,
eigar av garden fra 1711-45.)
Halvorgard- namnet fyrste gong 1795, (etter Halvor Halvorson, eigar fra
1722-63
og, Veslegard i 1794.)
SUDNDALEN har sidan berre vore grendenàmn.
Slekta som er på Gudbrandsgard i dag har vore der sidan 1745, då garden
ved skøyte 26/2 det året vart kjøpt av:
1745 Knut Vedbjørnson Larsgarg f: 1705 , skifte. 1780.
g.1.g.m. Birgit Larsdtr. Hagen,f. 1712 d. 1757
g.2.g.m. Margit Osdtr. Sletto , f. 1740
Da Knut kjøpte garden, vart det halde "gardssyn" , og dette viser at det i
1745 var desse husa:
1. En gammel stue, Gammelt tag og brudne vinduer.
2. Et gammelt Fæhus, der ej andet er tjenlig end brændeved.
3. Stabbur, er på væggene passabel, men taget er gandske forfalden,
så og 3 sviller gandske forrådnet.
4. En gammel sauvestald, er gandske forfalden både på vægger og tag,
og således utjenelig.
5. En gammel hæstestald, til brændeved.
6. En badstu, til brædeved.
7. En gammel bod, kan en for kort tid være brugelig.
8.Ladehusene, i passabel stand, taget gammelt.
9. En bod med loft, i god stand, taget gammelt.
10. Størhuset i god stand, men fattes overtag.
11. En hestestald med træv over, i god stand.
13. Et kvernhus i storelven, gandske nedrådnet og utjenlig.
Dessutan buer og løer på 7 stølar, og ymse utslåtter
til saman 15 hus
i alt 28 hus å halde vedlike. Om nokon av desse husa er til nå, må det vel i tilfelle
vara nr 9 og 12 og kanskje 8. Det fortelst at det i låven som nå står skal vera tømmer
or ein låve som vart sett opp av føremannen til Knut, Gudbrand Bjørnson.
1772 Lars Knutson Sudndalen, f.1749 d. 1833 skf. sl 3\4 1834.
G.1.G.M. Borgihild Aasgrimsdtr. Sletto , f. 1754.
G.2.G.M Guri Sjugurdstr ,Øvremyro, f. 1757, d. 1848.
Ingen opplysninger om husa frå hans eigartid.
1803 Knut Larsson Gudbrandsgard f, 1782 d. 1861 79 år
G. 1805 m, Birgit Assorsdtr. Tufto f.1785 d. 1863
Han kosta opp Loftstugu Som framleis står på garden. Sjølv
svarva han stolpane i reane kring huset. (fortalt av Knut Rognaldson Nygard, f. 1841, som
var Knuts dotterson).
Senga i loftstugu er gjort av Gaute Knutson Gautedokken, f.1790, som
budde i Gautes Lein ved Strandavatnet, "Gaute med hatten" som han vart kalla.
Han var makalaus god snekker.
Knut sette og opp ein Fjøsbygning som var noko utan om det
vanelege. den skulle vore dobbel så lang som fjøset nå. Der var sauestall i søre enden
(2 rom) og eir lauvhus i nordre enden, med gang mellom dette og fjøset, som låg i
midten. Heile huset overhimla med fòrhus i full høgde over og med køyretropp som til
ein låve.
Det øvre loftet på garden (stabburet) flytte han til ny tomt. det stod
lenger nord i gardstunet før. han dreia sjølv stolpane som det står på. Det nedre
loftet har visst stått på same stada heile tida. Han bygde og stampa, kvern og sag i
storelva nordanfor (vestafor) fjorden. På stølane bygde han og . (K:N)
Knut foretok seg på alle bygginga, så han kom i økonomiske vanskar og
heldt på gå fra garden. Men han hadde tillit, - fekk hjelp av gode menn i bygda som var
viljuge til å kausjonere for han. Og så fekk han dottera, Borghild, til å gifte seg med
ein velhalden handelskar frå Aurland , Rognald Olsson Ås, og han betalte gjelda og vart
ved garden.
Knut flytte den gamle "nyestugu" (gjestestugu) på garden til
Løkeslåttun (eit underbruk til garden), og der budde han og kona etter at dei hadde selt
garden. Det var eit bra hus, romsleg stugu og to mindre rom. To av stugudørene er ennå
til. Desse har gode biletmålinger.
1836 Rognald Olsson Ås Gudbrandsgard , f. 1793, d. 1865 72 år
g.1836 m, Borghild Knutsdtr, Gudbrandsgard, f. 1808.
Det var vel om Rognald, eller velfaren Knut, det vart sagt at han hadde
12 peiser å halde ved til, alle husmannstugune og stugune på garden.
Etter folketellinga i 1845 var det då på Gudbrandsgard - når ein
reknar alle tilhaldsfolk og husmannlydane 22 husholdninger med 49 personer. Der var 7
husmenn og 4 karfolk, 10 lausarbeidarar og 3 tenarar.
Rognald sette opp ei ny stugu kring 1860, den som framleis er
setstugu på garden. På same tomta stod før ei mindre stugu. Tømmermannen var Sjugur
Arneson Teigstugu . Rognald var det og som kosta opp stallane som nå står, inntil
låven på nordsida av denne, og likeins fjøset og eldhuset.
over dørene til stallen står
S.A.S.T. K.O.S.R. S.O.S.H. 1857
Dette er namnbokstavane til tømmermennene. den fyrste er Sjugurd
Arneson Teigstugu, den same som tømra stugu. De andre har vi ikke noen opplysninger om.
Rognald reiv ned stampa og sag som Knut hadde bygt.
1863 Ola Rognaldson Gudbrandsgard f, 1837, g.m. Helga Larsdtr.
Trettestøl. Han Bygde fjøset som står på garden i dag. Fjøsbygningen som Knut
Larsson hadde sett opp, var forfallen.
1902 Rognald Olsson Gudbrandsgard f, 1864 g.m. Sissel Halvorsdtr . Berg
f18?? var stor jæger og fisker. sette opp røvshytta.